Heilhornet - Nordland (02.08.2014)

Written by Eikås (Janne Eikås) GSM

Start point Heilhornet p-plass rv.17 (110m)
Endpoint Heilhornet P-Plass rv.17 (110m)
Characteristic Trip by foot
Duration 4h 30min
Distance 11.8km
Vertical meters 1,120m
Map
Ascents Heilhornet (1,058m) 02.08.2014

Eit artig terreng her oppe i Bindal, til tider kunne det minne litt om min heimkommune Solund. Atter ein fin turdag og Heilhornet såg verkeleg flott og majestetisk ut i naturen den ligg i. Fekk litt assosiasjon om Storehesten i Sunnfjord. Starta ved Hornelva og følgde fin og godt merka sti oppover i lettgått terreng. Mange på tur denne dagen, både liten, stor og firbeinte :) Ikkje så rart med ein så markant og fin topp i området. Vi lurte litt på å ta turen innom Kula 770 moh nabotoppen like ved, men ein del ferjer var i vente oppover mot Alstad. Ein Lørdag var det og mindre ferje avganger gjorde beslutninga grei :)

eikås_img_0678_-_kopi.jpg
eikås_img_0670_-_kopi.jpg
eikås_img_0660.jpg
eikås_img_0661.jpg
eikås_img_0673.jpg
eikås_img_0667.jpg
eikås_img_0683.jpg

Det skulle vise seg at vi tok ei grei avgjerd der, då vi kom til Vennesund ferjekai. Gjekk ferja rett og slett ifrå oss, med eit 1/2 min margin.. og det vart over ein time med pause :) Men ein er på tur og godt ver hadde vi, og gleda vart større når Inger Lise drog fram primusen til kaffikoking det vart ei triveleg stund med prat, nistepakke og kaffi av kolsyre vatn!! Faktisk knakande god kaffe :) :)

eikås_img_0684.jpg

Turfølge Inger Lise, Otto, Torbjørn og Johan
Fin rapport ligg hos Otto

User comments

  • -
    avatar

    Missing title

    Written by Øyvindbr 12.08.2014 14:29

    Vurderte ei toppnatt på denne på veien sørover for snart en måned siden, men været begynte å bli for truende.

    Mye uventa flott i distriktet der, Tosenfjorden feks ga assosiasjoner til Lysefjorden pga farge og glatte fjell rundt.

    • -
      avatar

      Sv:

      Written by Eikås 13.08.2014 12:32

      Det vil eg tru måtte bli ein flott opplevelse, på det fjellet :) Burde eigentleg ta seg meir tid til nokre topp overnattingar. Vi strever oss opp, nyt utsikt, matbit ei lita stund og så avgårde igjenn!!! Får ein litt anna ro då, nyte både kveld og morgen stemning :) Det var første turen min så langt opp mot nord..og tenker at dette er områder som må utforskast ein god del meir ja :) Lysefjorden har eg ikkje vore til, men har høyrt at det er ei nydeleg naturperle. Trur ein skulle hatt eit fri år og berre farta Norge på kryss og tvers:) :)

      • +
        avatar

        Sv: Sv:

        Written by Øyvindbr 14.08.2014 10:17
        • +
          avatar

          Sv: Sv: Sv:

          Written by Eikås 14.08.2014 21:29
Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.