Saudekråtinden (25.09.2016)

Geschrieben von Sunbump (Tone Solhaug) GSM

Karte
Besteigungen Saudekråtinden (1.165m) 25.09.2016
Sunbump_20160930_57ee14d5e0cad.jpg

Saudekråtind, fjellet bak favorittfjellet Lynghalstinden. Trass førsteklasses utsikt frå toppen, fristar turen ikkje til gjentaking med det første.

Sunbump_20160930_57ee14d77e264.jpg


Eg og StigPetter (Stig Petter Driveklepp) parkerte på fergekaia på Sæbø, og trakka oss opp i Skondalen. Her klyvra vi oss opp andre renna. Terrenget her er bratt og luftig med mykje laus stein og gras/mose. (Tausikring her vil truleg vere vanskelig og tidkrevande.)

Sunbump_20160930_57ee14d857054.jpg


Når ein har kome opp renna er det ein del luftig klyvring på ei mosebelagd egg.

Sunbump_20160930_57ee14d67a2fd.jpg

Det luftigaste og brattaste partiet på turen, dog også den finaste delen. Her er fjellet fast, ein fin eggtravers.

Sunbump_20160930_57ee14d704607.jpg

30 meter før toppen er der ein liten hammar. Her fekk vi sett nokre sikringar, og klatra oss opp. Det er ikkje vanskelig klatring, men hammeren er særs utsatt. Vi la opp tau som vi også hadde hjelp av på returen.

Sunbump_20160930_57ee14d7e9610.jpg

Sunbump_20160930_57ee14d8ba6fd.jpg

Benutzerkommentare

  • -
    avatar

    Har du bilder?

    Geschrieben von boven 27.09.2016 19:41

    Hadde vore himla svært om du hadde posta nokre foto og info om denne turen!

    • -
      avatar

      Sv: Har du bilder?

      Geschrieben von Sunbump 30.09.2016 09:43

      Heisann Ove,

      har no lagt ut nokre bilde til deg. :) Som eg skriv er det ikkje noko nytt favorittfjell. Dette er ein tur det bør vere tørt før ein går. Lykke til.

      Tone

      • +
        avatar

        Flotte bilder

        Geschrieben von boven 30.09.2016 22:17
Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.