Saudekråtinden (25.09.2016)
Written by Sunbump (Tone Solhaug)
Ascents | Saudekråtinden (1,165m) | 25.09.2016 |
---|
Saudekråtind, fjellet bak favorittfjellet Lynghalstinden. Trass førsteklasses utsikt frå toppen, fristar turen ikkje til gjentaking med det første.
Eg og StigPetter (Stig Petter Driveklepp) parkerte på fergekaia på Sæbø, og trakka oss opp i Skondalen. Her klyvra vi oss opp andre renna. Terrenget her er bratt og luftig med mykje laus stein og gras/mose. (Tausikring her vil truleg vere vanskelig og tidkrevande.)
Når ein har kome opp renna er det ein del luftig klyvring på ei mosebelagd egg.
Det luftigaste og brattaste partiet på turen, dog også den finaste delen. Her er fjellet fast, ein fin eggtravers.
30 meter før toppen er der ein liten hammar. Her fekk vi sett nokre sikringar, og klatra oss opp. Det er ikkje vanskelig klatring, men hammeren er særs utsatt. Vi la opp tau som vi også hadde hjelp av på returen.
User comments
Har du bilder?
Written by boven 27.09.2016 19:41Hadde vore himla svært om du hadde posta nokre foto og info om denne turen!
Sv: Har du bilder?
Written by Sunbump 30.09.2016 09:43Heisann Ove,
har no lagt ut nokre bilde til deg. :) Som eg skriv er det ikkje noko nytt favorittfjell. Dette er ein tur det bør vere tørt før ein går. Lykke til.
Tone
Flotte bilder
Written by boven 30.09.2016 22:17Glimrande. Denne har eg tenkt på nokre år, men med lav pf har den hamna bakover i prioriteringslista. Kanskje ein dag...