Høyanger: Fløyen, Hatlelifjellet og Tverrgavlane (02.05.2014)
Written by boven (Ove Lotsberg)
Start point | Myrekrok (10m) |
---|---|
Endpoint | Myrekrok (10m) |
Characteristic | Hillwalk |
Duration | 4h 00min |
Distance | 11.0km |
Vertical meters | 1,100m |
Map |
Ascents | Fløyen (765m) | 02.05.2014 |
---|---|---|
Hatlelifjellet (781m) | 02.05.2014 | |
Tverrgavlane (766m) | 02.05.2014 |
Dette er ein flott rundtur. Det er svært godt merka i området. Eigne kart for Lavik og Norevik med innteikna ruter og trimpostar finst å få tak i, prøv på bensinstasjonen i Lavik. På kartet er det hampande tjukkt med feilskrivingar av namn. Feks Norevik som skrivast Nordrevik på kartet. Hatlelifjellet som skrivast Haslelifjellet på kartet. Og Bosdalen som skrivast Bossdalen på kartet.
Det er fleire mulege startpunkt, men dersom ein vil tilbake til ungangspunktet anbefalast Myrekrok. God merking heile runda. Ein kan og starte på Ullebø, Teigen eller ved tunnellen på Avsnes.
Kom meg avgarde 0745. Vi hadde parkert på ein gammal busslomme litt bortafor Myrekrok. Ei røy holdt oss med underhaldning heile kvelden der ho spankulerte rundt på vegen. Lett og tørrt terreng til Vattekarstølen. Her krølla eg litt med ruta men kom kjappt innpå igjen. Pass på å gå til venstre her ved den gamle falleferdige hytta. Eg gjekk til den grønne og bomma litt. På Fløyen fann eg gledeleg nok at det var merka rett ned i skaret og vidare til Hatlelifjellet. Tok og ein slyngar bortom Tverrgavlane, ein bonustopp med pf på 90-tallet. Her fekk eg årets første Heilo-oppleving. Kvakk til då eg høyrde den vemodig vakre lyden til denne flotte fuglen. Eit par trippa lett bortover mellom snøflekkane. Kom inn på den merka ruta igjen til Teigstølen. Ein lett og flott tur som kan anbefalast!
User comments
Kart Lavik
Written by Jossi 31.05.2014 18:14Skulle hilse fra ho som har med merking av løyper og stier rundt Lavik og seie at det var utrulig kjekt at dokke syns det var godt merka løyper :) Dei nye karta som kan kjøpast på Statoil Lavik er oppdatert med dei rette navna på fjella.
Sv: Kart Lavik
Written by boven 15.06.2014 12:29Då har eg kartet i hende, du må takke ho for det! Har korrigert og lagt til dei namna som står på dette kartet. Om eg får tid lagar eg ei liste og sender deg for denne topptrimen så kan du vise kollegaen din.